Forside Reiserute Aktuelt Kalender Kontakt

Ledig stilling

Dagleg leiar i  Indremisjonssamskipnaden

Indremisjonssamskipnaden (I  Sunnhordland, Hardanger og Voss) skal tilsetja ny DAGLEG LEIAR i inntil 100 % stilling, og ønskjer difor å koma i kontakt med personar som kan tenkja seg å ha ei tenesta i misjonen.
DAGLEG LEIAR og Misjonssekretæren dannar eit leiarteam for arbeidet i Samskipnaden.
DAGLEG LEIAR har i dag mellom anna ansvar for planlegging av møteverksemda, personalansvar, saksførebuing og oppfølging av styrearbeidet.
I tillegg til dei administrative oppgåvene deltek dagleg leiar i forkynnartenesta, leiing av ulike arrangement og leiarutvikling.
Endelig fordeling av oppgåver etter nytilsetjing vert gjort i og av leiarteamet i samråd med styret.

Indremisjonssamskipnaden (IMS) har eit omfattande og rikhaldig arbeid , og  står framom mange spennande og utfordrande oppgåver der ein ønskjer nye medarbeidarar velkomen med på laget.

IMS vart skipa i 1864 og  har lags- og foreiningsarbeid i 18 kommunar.

IMS eig og driv Helgatun fjellpensjonat i Myrkdalen i Voss kommune og Brandøy ungdomsheim på Haugsgjerdet i Vindafjord kommune.
Ved begge desse stadane har IMS eit godt leirarbeid, men stadane er og nytta til svært mange andre ulike arrangement og aktivitetar. Det er fleire tilsette som står for den daglege drifta på begge desse stadane.

IMS eig òg Framnes vidaregåande skule i Hardanger, og driv skulen saman med Indremisjonsforbundet. Her er om lag 270 elevar.

Administrasjonen for IMS ligg i Leirvik sentrum på Stord der og IMS sin eigen bokhandel SunnBok ligg.

I IMS er det for tida 10 tilsette, der 3 av desse er knytt til barne- og ungdomsarbeidet. 
Nokre foreiningar har tilsett eigen forsamlingsleiar eller ungdomsarbeidar.
I tillegg til desse kjem dei tilsette ved Brandøy, Helgatun og SunnBok.

For meir informasjon ta kontakt med
Indremisjonskontoret, tlf. 53 41 07 04,
Fung. dagleg leiar Arne Lindekleiv tlf. 95 12 13 00  
eller Misjonssekretær Svein Bjarne Aase  tlf. 47 26 13 40.
Innan 15. juni

 
Aeston