Forside Reiserute Aktuelt Kalender Kontakt

Gjevarteneste

Indremisjonssamskipnaden driv arbeid i 18 kommunar og vi har ca 220 foreiningar og lag som er tilslutta oss.

Vi driv Framnes vidaregåande skule, Helgatun Fjellpensjonat, Brandøy og SunnBok. Vi byggjer vårt arbeid på Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenninga. Vår visjon er å skapa varme, inkluderande kristne fellesskap og vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar.

Vi har tilsette forkynnarar, barne- og ungdomsarbeidarar, distriktsarbeidarar og forsamlingsleiarar som skal hjelpa det lokale arbeidet for å nå vårt mål.

Vi har mange lag i distriktet vårt som ynskjer å få talarar eller barne- og ungdomsarbeidarar på besøk. Det er òg mange leirar som skal organiserast. Mange har møtt Jesus gjennom dette arbeidet, og fått hjelp til å bli i si tru. Alt arbeidet vi driv kostart pengar, difor set vi stor pris på at nokon kan vera med å støtta arbeidet økonomisk.

Vi inviterer deg med til forbønn og aktiv gjevarteneste. Som du ser av skjemaet er det to måtar du kan gjera dette på dersom su ynskjer skattefrådrag.

  1. Du kan få tilsendt giroar og bruka desse når du ynskjer å gje ei gåve.
  2. Du kan registrera gåvene på avtalegiro, og det vert trekt frå kontoen din på den datoen du ynskjer og så ofte du ynskjer

Same kva måte du vel å bruka set vi stor pris på gåvene. Beløpsgrensa for skattefrådrag er kr 12.000 per person per år. Og for å få skattefrådrag er minste årlege gåvebeløp kr 500,-.

Vi håpar du vil vera med og hjelpa oss å nå ut til fleire med evangeliet. Dette er eit stort og viktig arbeid som vert drive av frivillige gåver.

Dersom det er noko du lurar på når det gjeld gjevarteneste, er det berre å kontakta oss på Indremisjonskontoret - Tlf: 53 41 07 04.

Med venleg helsing
Indremisjonssamskipnaden

Ja, eg vil bli fast gjevar til
Indremisjonssamskipnaden!

Skjema i wordformat
Skjema i pdf-format

 

 Framnes

 Brandøy

 Helgatun

Ja, eg vil bli fast gjevar til
Indremisjonssamskipnaden!

Skjema i wordformat
Skjema i pdf-format

Send til Indremisjonssamskipnaden
Postboks 150, 5401 STORD

 
Aeston