Forside Reiserute Aktuelt Kalender Kontakt

Fantastisk på Ten-sommar

06.07.2010
Ungdomsleiren på Helgatun samla til slutt 15 deltakarar og 6 leiarar. Som ein ungdom sa det: "Så kjekt å vera på leir når me ikkje er så mange".

Marit Aadnanes

Kvar leir har sin sjarm og funksjon. Og det var verkeleg kjekt å sitja ved langbord under måltida og bli kjent med alle deltakarane. Torsdagskvelden då me kom var det kveldssamling m/andakt og leikar og etterpå grilling av hamburger og marshmallows. Fredagen reiste me til Vikafjellet; åt graut, steikte lappar, bada i vatnet (dei sprekaste av oss) og rann på rumpebrett på snøen. Sola skein nesten og det var 20 grader :)

Om natta var det meininga me skulle opp på ein fjelltopp ovanfor Helgatun og venta på soloppgongen. Veret var dessverre ikkje på vår side; tett skodda og regn, men me trossa veret og gjekk ein tur likevel. Me søkte ly under stolheisen (på toppen), og koste oss med solbærtoddy og pizzasnurrar m.m. Ei uforgløymeleg oppleving. Neste dag fekk me sova heilt til 1130. Ikkje ofte me et frukost 1200 på leir!

Laurdag ettermiddag var det teambuilding og bading i elva før leirfest, vaffelsteiking og delestund. Kvar kveld hadde me kveldssamling med andakt og song.

Om føremiddagen samlast me til bibeltime med tema "Følg meg". Matt 4,19 var eit sentralt vers der Jesus seier til Simon Peter og broren Andreas: "Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar".

Me vart også kjent med historia bak WWJD (What would Jesus do), og kva det vil seia å Likna Jesus.

Velkommen igjen til ungdomsleir på Helgatun 3.-5. desember :)

 
Grillkos på Helgatun første leirkveld

 
På Vikafjellet; me et medbrakt graut

 
Ikkje verst å få renna på snøen 2. juli

 
Hans Ivar og Thale viser musklar

 
Til fjells midt på natta

 
Teambuilding. Gruppa skal her vera eit tusenbein som skal rulla seg rundt og gå

 
Bading i elva ved Helgatun

 
Heile gjengen samla utanfor Helgatun

 
Leirfest

 
Delestund laurdag kveld

 

 

 
Andre aktuelle saker
 
 
Aeston