|
Fleire av møta denne helga var for heile storfamilien, men me hadde også eigne samlingar, både for borna og ungdomane. Etter song- og musikkmøtet fredagkveld, laga me til sommarparty i bassenget for ungdomane med punch, frukt og leikar i bassenget medan sydlandske rytmar ljoma frå cd-spelaren. Til slutt var det ord for natta. Laurdag føremiddag var det tid for "Barnas sommarfest" i peisestova medan dei vaksne hadde bibeltime. Her fekk me også eit lite besøk av Jarle Waldemar, som seinare på dagen skulle ha barnegospelfest. Etter Andakt og song gjekk me ut for å leika "fisk i garn" m.m. Veret var heldigvis på vår side denne helga. Det vart ein stor, flott ring med barn og vaksne samla ute på grasmatta utanfor Framnes. Under forhandlingsmøtet arrangerte lokale leiarar i Norheimsund eige barne- og ungdomsopplegg. Her var det m.a. sporløp, fotball, bading og tubekøyring, luftpistolskyting, rollerblades, tur til gullfiskedammen og teambuilding. Parallelt på laurdag ettermiddag køyrte me barnegospelfest med Jarle Waldemar med påfylgjande konsert kl 1700. Laurdag kveld fortsatte ungdomane med eige opplegg etter at stormøtet var ferdig. Det var ungdomskonsert med fem solistar; Knut Seim, Ingrid Solsvik, Ina Mauden Lied, Christine Lygre og Myrtel (Gunnhild Olsen, Per Høyland og Miriam Sakseid). Det var lovsong og Arne Opsahl-Engen hadde appell. Etterpå var det grilling på Framnes (Verdens Ende) ut i natta. Dagen derpå var det morgonbad for ungdomane etterfulgt av møte i det fri. For born og familiane var det også morgonbad i bassenget, og Søndagsskule i Norheimsund med Jarle Waldemar. Hundre barn og ca 25 vaksne var samla til andakt, song og leikar i Norheimsund bedehus medan dei vaksne hadde bibeltime i Idrettshallen.
Festen denne helga vart slutta av søndag ettermiddagen med storfamiliemøte. Jarle Waldemar hadde kreativ andakt. Barn les bibelvers, ungdomar hadde leirinnslag og Harald Voster, rektor på Framnes og Solveig Norheim, styrar på Helgatun hadde helsing/bøn.
Velkommen til Sommarens storsamling neste år som blir i Ølen :) |
 Sommarparty i bassenget for ungdom fredag kveld
 Mange var samla til barnas sommarfest laurdag føremiddag
 Jarle Waldemar engasjerte med sin nye vri på "Alle, alle vil vi ha med"
 "Fisk i garn". Leik under barnas sommarfest, ute på Framnes
 Forsongarar og Ragnhild, Solfrid og Victoria i aksjon under songen "I går, i dag, ja til evig tid"
 Jarle Waldemar fortalde historia om Ester i andakten. Her ser me jenta som fekk spela Ester
 Friluftsmøte for ungdomane søndag
|